Se full tekst i kap 8
8.6 Tiltak og strategiar
- Statstilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket. Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil dessutan bli teke initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk.
- Nye, felles retningsliner for lånesamarbeid er under utarbeiding, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3.
- Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka.
- I ein prosess for å harmonisere lovverket på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova.
Velkommen til kommentarer og debatt: