Generell og overordna debatt om meldinga

17.04.09

Bakgrunn:

17. april 2009 ble stortingsmelding 23 (2008-2009) «Bibliotek – Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid» lagt fram i Statsråd. Last ned hele meldinga som pdf-fil.

Følg sakens gang på Stortinget. Stortingets Familie- og kulturkomite behandla og leverte sin innstilling 9. juni. Behandlinga i Stortinget skjer antakelig 16. juni, jfr Stortingets møtekalender (sak 20), med forbehold om forskyvinger. Stortingets Nett-tv overfører alle forhandlingene løpende. I ettertid vil det finnes opptak i videoarkivet.

May Hansen (SV) er saksordfører. E-postadresser til alle stortingsrepresentantene. Stortingets nettsted tilbyr RSS på saker om kultur

Om debatten på dette nettstedet:

Synspunkt og debatt på meldinga som helhet skrives som kommentarer nedenfor her. Det er mulig å skrive kommentarer til kommentarene; på denne måten blir det debatt. I tillegg kan enkeltsaker og detaljer debatteres under de enkelte kapitlene, se lenker til disse i venstre marg her. I den grad det er kommentarer til kap 1 (Innleiing) og kap 2 (Samandrag), kan det skje i denne avdelinga.

På dette nettstedet oppforder vi også til debatt om saker i berøringsfeltet mellom bibliotek(meldinga) og Digitaliseringsmeldinga, som også ble lansert i dag. Vi foreslår at det skjer i tilknytning til kapittel 7, Kunnskapsallmenning i ei digital tid.

Se også vår oversikt over Mediedekning, inklusive blogger. Lenke under «Sider» oppe til venstre.

Noen tips:

  • Når du kommenterer eller diskuterer, gjør det gjerne under fullt navn. Verken e-postadresse eller webside er obligatorisk å oppgi.
  • Når du vil svare på et eksisterende innlegg, klikk på den blå lenka «Svar» like under det aktuelle innlegget. Vil du derimot starte en ny deldebatt eller skrive noe generelt, gå til skjemaet som ligger åpent lengst nede.
  • Spør redaksjonen på e-post hvis du står fast

Mvh Norsk Bibliotekforening

Advertisements

3 Overordna utviklingstrekk

17.04.09

Se full tekst i kap 3. Dette er et beskrivende kapittel uten forslag til tiltak. Velkommen til kommentarer og debatt:


4 Det nasjonale biblioteknettverket – oppgåver og ansvarsfordeling

17.04.09

Se full tekst i kap 4. Dette er et beskrivende kapittel uten forslag til tiltak. Velkommen til kommentarer og debatt:


5 Juridiske rammevilkår og statlege støtte- og vederlagsordningar

17.04.09

Se full tekst i kap 5. Dette er et beskrivende kapittel uten forslag til tiltak. Velkommen til kommentarer og debatt:


6 Bibliotek i eit internasjonalt perspektiv

17.04.09

Se full tekst i kap 6. Dette er et beskrivende kapittel uten forslag til tiltak. Velkommen til kommentarer og debatt:


7 Kunnskapsallmenning i ei digital tid

17.04.09

Se full tekst i kap 7

7.12 Tiltak og strategiar

  • Nasjonalbiblioteket vil i nært samarbeid med involverte aktørar realisere Biblioteksøk med utgangspunkt i moderniseringsbehov i Norsk samkatalog for bøker, og ei teneste med brukarinitiert fjernlån. Det vil vere behov for å stimulere folkebiblioteka til å oppgradere teknologisk infrastruktur slik at dei kan delta i ei slik teneste.
  • Nasjonalbiblioteket vil forenkle arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar.
  • Nasjonalbiblioteket vil avklare opphavsrett og personvernspørsmål slik at mest mogeleg av det digitaliserte materialet kan gjerast tilgjengeleg. Prosjektet Bokhylla.no kan på sikt danne modell for ein avtalelisens for digitalt materiale.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre involverte aktørar vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar skal utviklast vidare.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast vidare, og i særleg grad vurdere samarbeid i Norden og i Europa.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i folkebiblioteka.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgje opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig.

Velkommen til kommentarer og debatt:


8 Ressursdeling og fjernlån

17.04.09

Se full tekst i kap 8

8.6 Tiltak og strategiar

  • Statstilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket. Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil dessutan bli teke initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk.
  • Nye, felles retningsliner for lånesamarbeid er under utarbeiding, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka.
  • I ein prosess for å harmonisere lovverket på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova.

Velkommen til kommentarer og debatt:


9 Organisering og drift av bibliotektenester lokalt og regionalt

17.04.09

Se full tekst i kap. 9

9.8 Tiltak og strategiar

  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen.
  • Det vil bli etablert ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere kva for tiltak som er nødvendige for å styrkje og utvikle den samla kompetansen i biblioteksektoren. Eit samla kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren vil verte vurdert.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny.

Velkommen til kommentarer og debatt:


10 Nasjonal samordning av ABM-feltet

17.04.09

Se full tekst i kap. 10

10.7 Tiltak og strategiar

  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket.
  • Det skal utviklast eit samla grep når det gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette skal kunne gje samla tilstandsrapportar om abm-feltet som kan tene som grunnlag for å vurdere vidare politikkutforming.
  • For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Departementet vil utarbeide mandat for rådet.
  • Kompetanse på opphavsrett og personvern skal samlast i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet vurdere eit samarbeid om forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.

Velkommen til kommentarer og debatt:


11 Biblioteket som møtestad, lærings-, og kulturarena

17.04.09

Se full tekst i kap. 11

11.7  Tiltak og strategiar

  • For å vidareutvikle biblioteka som offentlege møtestader og synleggjere folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap, vil Kultur- og kyrkjedepartementet opprette ei ordning med modellbibliotek.
  • For å stimulere til breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit prosjekt som kan styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv.
  • ABM-utvikling har fått støtte frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet for å utvikle biblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet skal leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek.
  • Frå 2010 vil fylkeskommunane forvalte meir av spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane.
  • Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit nasjonalt program for skulebibliotekutvikling i perioden 2009–2012. Programmet inneheld tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, og regelverk og samarbeid.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil saman leggje til rette for at 2010 vert eit nasjonalt leseår, som start på eit leseløft i perioden 2010–2014 retta mot både barn, unge og vaksne.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka.

Velkommen til kommentarer og debatt:


12 Bibliotektenester til det samiske folket, nasjonale minoritetar og andre minoritetsspråklege

17.04.09

Se full tekst i kap. 12.

Tiltak og strategiar

  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar på bibliotekfeltet.
  • Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket.
  • Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha.
  • For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter for bibliotektenester til minoritetsspråklege. Biblioteket kan i større grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt og nettverksarbeid.
  • Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret for russiske bibliotektenester.

Velkommen til kommentarer og debatt:


13 Spesielle bibliotektenester

17.04.09

Se full tekst i kap. 13.6

Tiltak og strategiar

  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe, og at tenestene vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod.
  • Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar til helsevesenet.

Velkommen til kommentarer og debatt: